Å vera i livet
av Haldis Moren Vesaas.
Dette å vera i livet,
open for alt ikring,
bunden med sterke røter
til menneske og til ting,
til menneske og til ting,
gi både hjarte og hender
i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di
og let deg få kjenne deg rik.
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der
kjem innom dørene der
og auker den rikdom som finst der før
med alt dei sjølv er.
Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar
gjekk av tillit og varme
som styrkte kvart band
som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne ,når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav, fekk du att.
GOD JUL FRA FRUENE.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar